Det har vore eit snøskred på alpinanlegget i Bondalen i Ørsta torsdag kveld.

To personar er henta ut av skredet, ved hjelp av lavinehundar, søkemannskap og helikopter.

Dei to er brødre, lærarstudentar i Volda og opprinneleg frå austlandet, skriv Sunnmørsposten. Dei vart frakta til sjukehuset i Volda, den eine med ein lettare skadd fot, medan den andre er uskadd.

Meldinga om raset kom i 20.20-tida. Politiet har avslutta søket og er trygge på at ingen fleire er fanga i raset.