Besøket gjekk opp i Ulstein kyrkje i jula, samanlikna med året før. Det same galdt Hareid. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

I Hareid kyrkje var 670 personar innom dei to gudstenestene på julaftan. Det er ein markant auke i høve til dei 558 som vitja kyrkja på julaftan i 2010.

Hareid hadde også besøksauke 1. juledag og nyårskvelden. 1. juledag var besøket på 152, mot 108 i fjor - medan gudstenesta nyårsafta samla 137 - mot 119 året før. Her kan det leggast til at gudstenesta denne siste kvelden i året var skote fram til klokka 21 i år. Før har det vore vanleg å starte klokka 23.15.

I Ulstein kyrkje var heile 1094 personar innom gudstenestene på julaftan. Det er ein kraftig auke frå året før - då 799 var innom. 1. juledag var 178 personar innom Ulsteinkyrkja - mot 134 året før.

1. nyttårsdag kom 111 personar til Ulstein kyrkje.