Klubbleiar Olav Høydalsvik slår fast at forhandlingane med leiinga i Kleven Verft har vore både lange og til dels harde. Høydalsvik hadde med seg nestleiar Rolf Skår og sekretær Arne Dybhavn under forhandlingane, og kravet i utgangspunktet var å kome opp på ei timeløn som ligg på landsgjennomsnittet til ein industriarbeidar: 160 kroner timen. Det lukkast altså ikkje. Torsdag røysta klubben over om dei skulle godta tilbodet på 6 kroner timen, og over 80 prosent av medlemene røysta ja. Høydalsvik opplyser at eit viktig argument for å få eit godt lønshopp var at det ville føre til at Kleven vil halde på arbeidskrafta. I dag er det mangel på fagfolk, og dyktige arbeidarar søkjer seg helst dit dei får best betalt. Bedrifta hadde eit positivt resultat i fjor, og budsjetta for i år ser også gode ut, seier klubbleiaren. Topplønna på 152 kroner timen er inkludert sentrale tillegg. Ifølgje Høydalsvik er hjelpearbeidarlønna på vel 120 kroner timen.

Ikkje ferdige ved Ulstein Verft

Klubbleiar Jan Helge Dyngeland ved Ulstein Verft opplyser at dei er midt forhandlingane, og at forhandlingsutvalet ikkje har levert kravet inn til leiinga enno. Han vedgår at dei blant anna har venta på resultatet ved Kleven Verft. Inkludert sentrale tillegg er toppløna for dei LO-organiserte ved Ulstein Verft på 143,50 per time, og Dyngeland legg ikkje skjul på at dei håper på eit solid hopp i år. Vi vil forbi Kleven, smiler han. Sjølv om dei LO-organiserte ved Ulstein Verft har lege under timelønna til Kleven Verft det siste året, har dei ikkje mist arbeidskraft til Kleven-verftet. Men vi har mist folk både Rolls-Royce, Jets og Odim. Først og fremst fordi toppløna ved desse bedriftene ligg på ca. 165 kroner timen, hevdar Dyngeland.