- Næringslivet i Møre og Romsdal er avgjerande viktig for busetnad, vekst og utvikling i vår region, og det er mange gode grunnar til å gje honnør til dei mange framståande bedriftene her i fylket, understrekar Landstad, som vonar mange vil kome med gode framlegg til kandidatar: - Vi inviterer alle verksemder, organisasjonar og privatpersonar i fylket til å kome med framlegg til Årets Bedrift. Det skulle i alle fall ikkje mangle på kandidatar, for næringslivet i vår region er allsidig, har svært høg kompetanse og kan vise til gode resultat, seier Landstad. Frist for levering av forslag er 1. februar