Advokaten til Jan Remmereit har klaga på vedtaket i teknisk utval om at han må fjerne gjerdet som går rundt eigedomen på Havågneset i Eiksund. Onsdag 13. januar skal utvalet ta stilling til kva dei gjer med klagen. Men teknisk sjef rår utvalet til å stå på vedtaket frå sist. Han kan ikkje sjå at det er kome nye opplysningar og moment i saka som gjer at han kjem til ein annan konklusjon. Tvert om finn han støtte for vedtaket i fleire rettsavgjerder rundt tilsvarande spørsmål andre stader i landet. Han rår difor utvalet til å oversende saka til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fristen for å fjerne gjerdet blir sjølvsagt utsett til saka er avgjort i klageinstansen.