Det var eit helikopter som oppdaga den livlause personen i det ulendte terrenget. Ambulansehelikopter har no bringa han ned, og personen er erklært død.

Personen er ikkje identifisert, men politiet har ikkje grunn til å tru at det er nokon annan enn mannen i midten av 20-åra som det har vore leita etter i dag.

Politiet opplyser til mre.no at familien var i kontakt med mannen måndag morgon. Han møtte ikkje opp på arbeid, og rundt klokka 13.00 måndag melde familien han sakna.

Bilen til mannen vart funnen parkert øvst i Rystefeltet der råsa til Melshornet startar. Ut på ettermiddagen vart det sett i gang ein leiteaksjon i Ørsta med utgangspunkt i enden av Rystefeltet. Både Røde Kors Hjelpekorps, redningshundar og eit Sea King-helikopter frå Florø er sett inn i leitinga.

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps har hatt hovudbase i Strandgata og nære 100 personar har vore med på leiteaksjonen.

Ei stund før klokka 20.00 melde nettavisa til Møre-Nytt at ein person er funnen liggjande under eit bratt parti i Melshornsida. Staden person ligg på er bratt, og det er vanskeleg for helikopter å kome til. Politiet sin operasjonssentral opplyser til mre.no at helikopteret likevel vil prøve å hente personen ut.