Ordførar Arnold Goksøyr (H) i Herøy. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Om Herøy skulle vere med på ei utgreiing om samanslåing med Hareid og Ulstein kommunar, var nyst til drøfting i Herøy formannskap. Men det er formannskapet lite interesserte i.

Ifølgje Sunnmørsposten var det først og fremst Ulstein kommune som fekk gjennomgå. Det vart peika på Ulstein sin framgangsmåte når det gjaldt legevaktsamarbeid, når det gjaldt lokalisering av Mattilsynet og likningskontoret. Ordførar Arnulf Goksøyr meinte dessutan at samanslåing har vore utgreidd tidlegare. Og han stilte spørsmål ved om kvifor dei skulle slå seg saman med nokon som ikkje gidd samarbeide om brannvern ein gong.

Både ordførar Hannelore Måseide i Ulstein og ordførar Hans Gisle Holstad i Hareid meiner at eit nei frå Herøy ikkje betyr noko for prosessen på Hareidlandet. Og at samarbeidsprosjekta er langt fleire enn dei Herøy rippa opp i på formannskapsmøtet.