Frå 1. januar er det ikkje lenger MRF Fjord 1 som har ansvaret for passasjertrafikken mellom Hareid, Valderøy og Ålesund. Tide Sjø, som også trafikkerer ferjesambandet Hareid-Sulesund, blir også ansvarlege for passasjertrafikken mellom Hareid og Ålesund. Og med nye kostar blir det også litt endringar i rutetidene. Mange reisande har ergra seg over at flyet som går frå Oslo klokka 19.05, og som landar på Vigra klokka 20.00 ikkje korresponderer med hurtigbåt til Hareid. Ventetida på to timar på Vigra eller i Ålesund har frustrert mange. Frå 1. januar går hurtigbåten frå Ålesund klokka 20.30, og er innom Valderøy klokka 20.40. Dette er garantert ei betring som mange vil glede seg over. Også for folk på Ytre Søre som jobbar til dømes ved kjøpesenter i Ålesund som stengjer klokka 20.00 er den nye rutetida ei vinning. At Fjord 1 Buss har sett opp buss til og frå Hareid som passar den nye rutetida, er ytterlegare eit pluss. Endringar også søndagane Også søndagane blir det endringar i høve til dagens rute. Avgangen som i dag går frå Hareid klokka 16.00 vil bli eit kvarter tidlegare, klokka 15.45. Dette for at folk som skal til Oslo skal ha sjanse til å kome seg med Norwegian-flyet som går frå Vigra klokka 16.50. Svein Rødset i Ulstein Marknadsforum seier til Vikebladet Vestposten at dialogen med Tide Sjø har vore svært god, og at også samferdselsavdelinga på Molde har synt velvilje overfor ønska som Ulstein Marknadsforum har kome med. Han opplyser at også ordførar Hans Gisle Holstad i Hareid har vore ein pådrivar for å få betre korrespondanse mellom fly, båt og busstilbodet mellom Ålesund, Vigra og Hareid. Svein Peder Vågnes, driftsleiar for hurtigbåtane i Møre og Romsdal, trur ruteendringane vil gjere det lettare for mange reisande på Ytre Søre, og han håper folk vil finne seg vel til rette om bord i "Tideekspressen", som er bygd ved Oma Baatbyggeri og har plass til 296 passasjerar.
Nyhende →
Betre korrespondanse med Tideekspressen
1. januar klokka 09.30 går "Tideekspressen" for første gong i rute mellom Hareid og Ålesund. Ruteendringar gjer at det frå då av blir mindre ventetid på Vigra, og lettare å rekke ettermiddagsfly til Oslo søndagane.