I 2011 var det 21 personar som mista livet i til saman tjue dødsulukker i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, sju personar i kvart fylke. Statens vegvesen melder at det er det lågaste talet på dødsulukker sidan dei byrja registrere dette i 2005. Til samanlikning var det tretti personar som omkom på dette viset i 2010.

Dette er ei gledeleg utvikling, men me må halde fram kampen for å redusere drepne i trafikken, seier seniorrådgjevar Ragnar Masdal i Statens vegvesen.

Mest ungdom

Heile 75 prosent av dødsulukkene i Midt-Noreg var møteulukker.

Rusa førarar var involvert i tre av ulukkene.

Av dei sju personane som døydde i Møre og Romsdal var fire personar mellom 16 og 25 år og to mellom 26 og 35 år. Ein person var mellom 76 og 85 år.