– Vi er veldig fornøgde, sjølv om vi fekk inn litt færre lopper enn vanleg, seier Ingfrid Grimstad. Ho er lærar på linja for butrening og aktivitet og sit i loppemarknadskomiteen.

Og det var mange som fann noko av interesse mellom møblar, bøker, leiker og nips på loppemarknaden. I tillegg var det teaterframsyning for borna, tombola, kafé og auksjon i lokala til skulen i Varleite.

– Det var mykje folk og godt sal i kafeen, seier Grimstad.

Største enkeltsum kom frå ein auksjon på Facebook: ei Manchester United-drakt signert Juan Mata. Drakta gjekk til Petter Dobbelie i Oslo, som stakk av med drakta etter å ha kome med det høgaste bodet på 4.500 kroner.

Takkar butikkane

Ifølgje Ingfrid Grimstad merka skulen at det er mange som driv med kjøp og sal av brukte ting, til dømes på Facebook, og at det difor vart levert inn litt færre gjenstandar.

Elevane hennar hadde ansvar for tombolaen.

– Her må eg få takke butikkane som gav gevinstar. Tombolaen utgjer ein god del av den samla inntekta frå loppemarknaden, seier ho.

Pengane skal no kome born og ungdom i Tanzania til gode.

Prosjekt i Tanzania

Prosjektet støttar eit arbeid for foreldrelause born og unge åleinemødrer i Ilula. Saman med Ilula Orphan Program og Ilula YWCA har Sufh starta ein slags folkehøgskule der. Det er ein bustad for jenter som ikkje har ein annan stad å bu. Jentene får opplæring og hjelp til livsmeistring, heiter det på facebooksida til Sunnmøre folkehøgskule.