No ber legesenteret alle som kan å bruke SMS-tenesta.  Årsaka er at senteret berre har ei telefonlinje inn til kontoret.

Ifølgje senteret kjem dei som sender SMS til å få raskt svar, dei slepp å stå i kø og det lettar trykket på den eine telefonlinja.

På Facebook har Hareid legesenter  lagt ut følgjande rettleiing for kontakt via SMS:Start meldinga med HAREID + navnet ditt + fødselsdato og kva det gjeld, og send meldinga til 2097.

Døme på ei melding kan vere:HAREID Ola Hansen 040519 Vond hals. helst time i dag.HAREID Ola Hansen 040519 Ny resept på blodtrykksmedisinHAREID Ola Hansen 040519 Time hos fastlegen min ved høveUnngå sensitiv informasjon.