– Det blir sjølvsagt årets viktigaste kamp. Vi har veldig lyst til å rykke opp. No må vi berre gå «all-in» og trykke til. Vi har ingenting å tape, men alt å vinne, seier Ole Per Kragset.

Den sindige Hødd-trenaren er veldig spent på tilhøva i Surnadal, då det er meldt veldig mykje regn der på søndag.

– På ei naturgrasbane kan jo det slå veldig dårleg ut. Men, vi er godt førebudde og har hatt ei fin treningsveke. Vi har lukkast med å senke skuldrene litt etter ein spennande første kamp, og skal takle dei utfordringane vi møter, seier Kragset.

Høyrer heime i 2. divisjon

Hødd har denne sesongen kjempa hardt for å kome seg opp i 2. divisjon, der laget stort sett har vore dei siste ti åra.

– No når vi er så nær eit opprykk, så er det ekstra motiverande for meg å sjå at jentene verkar å vere veldig klare for oppgåva. Vi var lenge i 2. divisjon før vi rykte ned, og vi veit at det er der vi eigentleg høyrer heime. Det blir litt det same som med herrelaget, det er eitt nivå opp vi ønskjer å vere på, og det er der vi får gitt spelarane den motstanden som utviklar oss best som klubb og som enkeltspelarar, seier Kragset.

– Gode sjansar

Trenaren meiner Hødd har eit godt utgangspunkt etter 1–1 på heimebane.

– Sjansen er absolutt der. Vi har stort sett scora i alle kampane vi har spelt i år, og vi veit veldig godt at dersom vi scorar mål i Surnadal, så må dei score minst to. Difor har vi ein god sjanse til å få til dette. Eg meiner presset er størst på heimelaget. 1–1 på bortebane er for så vidt eit godt resultat for dei, men slik eg ser det er det ein enno betre sjanse for oss. Vi skal gjere vårt beste for å klare det. Men, om det ikkje går er det berre å brette opp ermane og prøve igjen neste år, seier Ole Per Kragset.

Kan bli aktuelt med andrelag

Om det skulle skje at Hødd er klare for 2. divisjon etter kampen søndag, blir det å ta ein diskusjon kring eit mogleg andrelag.

– Vi har lufta ideen om eit andrelag i 3. divisjon i tillegg. Om vi rykkjer opp får vi ta vurderinga på om vi skal melde på eit andrelag. Det blir uansett ikkje bestemt noko før i januar.

Kampen blir streama på Vikebladet.no. Det er Driva som leverer streamen frå kampen.