Det skriv dag leiar Rune Urke i Ulstein Eigedomsselskap KF, UEKF, i ein rapport til styret. Urke skriv at alle involverte på byggeplassen må samarbeide og gjere jobben sin tide å verte ferdig til slutten av november.

Krev meir pengar

Kva prislappen på Ulstein Arena vert til slutt, er framleis uklart.

I rapporten skriv Urke at det har kome fleire krav om tilleggsbetaling frå entreprenørar sidan rapporteringa i juni. Eigedomsselskapet meiner det meste av krava er relatert til kvaliteten på prosjektering og anbodsgrunnlag.

Krava om meir pengar botnar i at det har vore feil og manglar i prosjekteringa. Dersom krava vert godkjende, vert dei sende vidare til prosjekteringsgruppa, står det i rapporten.

I tillegg krev glasleverandøren meir pengar, og meiner feil ved prosjekteringa har skapt vanskar for dei. Rune Urke skriv at eigedomsselskapet har avvist kravet.

Uavklart momskompensasjon

Det er budsjettert med at Ulstein Arena skal få momskompensasjon. Dette er framleis uavklart, og UEKF har leigd ein spesialrådgjevar til å klargjere saka. Skatteetaten har signalisert at badeanlegget ikkje kjem til å få full kompensasjon, og rådgjevaren har skissert tre ulike løysingar:

1. Badeanlegget vert eigd og drifta av Ulstein kommune. Det vert ikkje gitt momskompensasjon for den tida anlegget er ope for betalande publikum.

2. Kommunen opprettar eit aksjeselskap som leiger anlegget dei timane det er publikum-symjing. Det gir ikkje full momskompensasjon, men noko.

3. Kommunen opprettar eit aksjeselskap som søkjer frivillig momsregistrering. Denne løysinga krev at selskapet sel reklame i badeanlegget.

Ifølgje rapporten frå Rune Urke til styret kan løysing 2 og 3 vere krevjande, og må vurderast opp mot konsekvensane av å etablere og drive dette i eit aksjeselskap.

Det skal haldast møte med Skatteetaten i månadsskiftet september/oktober om moms-spørsmålet.

Sal av parkeringsplassar

Ulstein Eigedomsselskap har planlagt å selje nokre av parkeringsplassane i underetasjen på Ulstein Arena. Arbeidet med salet ser ut til å gå tregt, for det er enno ikkje inngått kontraktar om slikt sal.

I rapporten til styret står det følgjande:

«Vi har hatt dialog med ein interessent som vurderer å kjøpe 22 plassar. Det er kom til endå ein interessent som har meldt interesse for eit ukjent tal plassar. Det blir arbeidd med å lage tilbod til potensielle kjøparar om kontrakt.»

– Det blir hektisk

Ulstein Arena skulle i utgangspunktet koste 268 millionar kroner. Det ligg altså an til overskriding, men kor mykje det blir, er enno uklart. I rapporten skriv Rune Urke at det no er laga ein detaljplan for sluttfasen i prosjektet.

– Det er ein krevjande jobb å koordinere alle fag slik at arbeidet går sin gang. Spørsmålet er om vi klarer å ferdigstille prosjektet innanfor den vedteken investeringsramma, skriv Urke.

Rune Urke rår styret i eigedomsselskapet til å ta rapporten til vitande. Styret i UEKF skal ha møte førstkomande måndag.