Til no har det vore ein tendens til at bilane har stått nærast på kryss og tvers, inne på fortauet og ut i vegbana, fortel parkeringsvert Steffen Urke i Hapark.

Men dette skal det bli slutt på.

Urke fortel at det i den kommunale reguleringsplanen lenge har vore nedfelt at det skal vere to langsgåande parkeringsplassar framfor Sportssenteret og apoteket, men at det ikkje har vore handheva.

Men for ei tid sidan fekk Hapark beskjed om å teikne opp dei to langsgåande parkeringsplassane, og dette oppdraget er no utført.

Kommunen har også fått innspel om at den eine parkeringsplassen bør vere merka for rørslehemma, og dette er tatt til etterretning. Dermed er ein av dei to plassane merka for funksjonshemma.

Færre parkeringsplassar

Medan lokalavisa står og snakkar med parkeringsverft Steffen Urke kjem det folk forbi som kommenterer at det no blir færre parkeringsplassar utanfor apoteket og Sportssenteret.

Men Urke meiner dette ikkje bør vere noko stort problem.

Mange parkeringsplassar utanfor Coop Extra

– Der er tre langsgåande parkeringsplassar utanfor nabobygget der Bellis Gravferdsbyrå held til, og utanfor Strax-bygget er der fire parkeringsplassar. Åtte parkeringsplassar utanfor desse bygga bør vere bra, svarer Urke, og legg til at for dei som er i stand til å krysse gata, finst det mange parkeringsplassar utanfor Coop Extra.

Ikkje bøter dei første dagane

Dei første dagane kjem Hapark ikkje til å vere så strikse med bøtlegging av dei som eventuelt parkerer feil framfor Sportssenteret og apoteket. Parkeringsverten kjem til å patruljere der flittig, og han vil hjelpe bilistar som er usikre på korleis dette skal fungere.

– Langsgåande parkering er nytt for somme, og vi kjem ikkje til å skrive ut bøter dei første dagane, forsikrar han.