Julestemninga er komen til den vesle familien på Ulstein, i dag har dei pynta tre. Til og med katten har fått julestemning ser det ut til, han kikar forundra på juletreet.
Monica Overvåg seier at no kan jula berre kome, dei vil legge stor vekt på å kose seg sjølv om ikkje alle sju sortane er i boks og alt er skinande reint.
– Vi har no baka julemannar, lefser og sjokoladekjeks, smiler den blide trebarnsmora.
Miriam, Jona og Gabriel gler seg til jul. Dei er heilt klare til å feire.
Har laga julegåvene sjølve
Monica som er åleine med borna forklarer at sjølve julekvelden skal dei feire saman med besteforeldra, det blir stor stas.
- Vi har hatt juleverkstad og laga julegåvene sjølve, smiler Jona.
Han viser oss stolt nokre flotte kubbelys med englar på, dei er kjempefine.
- Vi har laga mykje meir også, strålar Gabriel.
Jona fyller sju år om berre to veker og Gabriel blir ni i februar. Veslesyster Miriam er tre år gamal.
- Neste år skal vi lage julelappane først.
No er alle julegåvene ferdig laga og ferdig pakka.
- Men neste år skal vi lage julelappane først, for det er litt vanskeleg å tippe kven alle gåvene er til, ler Monica.
Ho røpar at nokre av pakkane måtte dei opne for å finne ut kven dei var til. Men neste år skal det bli betre med omvendt rekkjefylgje.
Kjekkaste tida av året
Dei to gutane går på Ulstein skule og det er trivelege skuledagar no før jul.
- Vi får sjå film og det er masse førjulskos, smiler Gabriel nøgd.
Det er kjekt for Miriam i barnehagen også. Dei er alle samde om at dette er den kjekkaste tida av året.
No er det prøvesmaking av julekakene som står for tur.
- Eg forstår ikkje dette, men alle julekakene smakar alltid best før jul, ler Monica.
På bordet står eit flott peparkakehus ferdig pynta, men det får dei ikkje smake på endå.