Det er laga minnegrupper for alle dei omkomne gjennom ulike nettsamfunn. Grupper som "Minnegruppe for de savnede etter brannen i Flusund" samlar mange som vil uttrykkje si sorg over vener og familie som har gått bort. Dei fleste av medlemmane er ungdomar. Hanne Marika Luders (33) er tilsett ved Stiftelsen for industriell og teknisk forsking (SINTEF) i Oslo, og har tidlegare skrive doktoravhandling om unge menneske sin bruk av sosiale medium, som omfattar blant anna bloggar og nettsamfunn. Ho fortel at slike minnegrupper eller minnesider som vi no kan sjå døme på, ikkje er eit nytt fenomen, men oppstod før framveksten av nettsamfunna. – Tidlegare lagde folk nettsider og skreiv bloggar for å minne familie og vener som uventa gjekk bort. Dei seinare åra har det vorte ein tendens til at minnegruppene på nettsamfunna samlar folk, og det vert mindre av dei andre alternativa. Dette er ganske naturleg, sidan dei alle fleste ungdomar i dag er medlemmer av eit eller fleire nettsamfunn, seier Luders. Ho trur òg at slike minnegrupper vert ein måte for mange å takle sorg på. – Det er ikkje naturleg for alle å ta direkte kontakt med dei nærmaste pårørande. Då er slike minnegrupper ei fin mogelegheit til å vise si medkjensle. I eit lite lokalsamfunn vert det òg spesielt på den måten at ein ofte kjenner dei som sit midt oppi den leie situasjonen, så det vert ein mykje større nærleik i eit lokalsamfunn, forklarar ho. Hanne Marika Luders trur ikkje den massive bruken av minnegrupper gjer at færre vel å ta del i minnestunder og andre samlingsarrangement, men at det heller har ei forsterkande effekt som gjer at fleire vil delta. – Facebook og andre nettsamfunn er med på å spreie informasjonen når ting skjer, derfor er det nok meir naturleg at det verkar som ei forsterking. Dermed vil fleire delta på markeringar, seier ho. Måndag ettermiddag kunne ein sjå at stadig fleire melde seg inn i minnegruppene på Facebook, og på berre nokre timar steig talet med fleire hundre medlemmer.