– Amnesty i Hareid og Ulstein vil takke Hareid sokneråd og prest Møgster for at vi under gudstenesta 17. mai fekk tildelt ofring, fekk høve til å orientere kort om Amnesty, og fekk anledning til å samle inn underskrifter til protest mot menneskerettsbrot frå regjeringa på Sri Lanka og Tamiltigrane. Vi syns det er fint å få kombinere vår feiring av grunnlov, demokratiske rettar og friheit med å hjelpe andre som blir utsett for menneskerettsovergrep, heiter det i pressemeldinga frå Amnestygruppa i Hareid/Ulstein. - Konflikta mellom regjeringa på Sri Lanka og LTTE (Tamiltigrane) har vore hard siste 6 månadene. Sivile har blitt fanga i kampane mellom LTTE og regjeringsstyrkane. Fordi regjeringa ikkje lar humanitære organisasjonar kome til, manglar dei mat og helsehjelp. Vi kjenner til at tamilane i bygdene våre både har mist og saknar mange slektningar, heiter det.
Nyhende →
Samla 223 underskrifter på amnestybrev 17. mai
Amnestygruppa i Hareid/Ulstein samla inn 223 underskrifter på amnestybrev, til protest mot menneskerettsbrot frå regjeringa på Sri Lanka og Tamiltigrane.