I løpet av mars er det opna konkurs hjå tre bedrifter i Hareid. Det gjeld Epoxya AS, Tank og Rørservice AS og Jaunozols Daivis. I løpet av den same perioden er det ikkje opna konkursar i Ulstein.

I begge kommunane er det oppretta nye verksemder den siste månaden. I Ulstein er det oppretta fire nye bedrifter siste månaden; Kieffer West Technology AS, Prehus AS, QTSupport AS og Vøle AS. Nordic Automation Systems AS er nyregistrert i Føretaksregisteret i Hareid.