Til hausten kjem ankesaka mot ein 26 år gamal mann, som er dømd for drapet på Preben Mikael Dimmen, opp i Frostating lagmannsrett. Saka er sett opp 20. oktober skriv Smp.no.

Mannen er dømd til 15 års fengsel, etter å ha slått Dimmen med ei glasflaske, så han døydde av skadene. 26-åringen vart og dømd for ei valdshandling mot Dimmen i dagane før drapet.

Ifølgje Smp.no seier forsvararen til 26-åringen at dommen vart anka både grunna skuldspørsmål og straffeutmåling.