I år som i fjor skal Vikebladet Vestposten gjennomføre ei månadleg lesarfotokonkurranse, der eii av bileta kvar månad vert premiert med eit Vikebladet-krus.

Året starta på mange måtar med eit smell, både med fyrverkeri og nordlys over Hareidlandet. Om du har eit bilete av noko slikt, eller kanskje av noko heilt anna, så er du meir enn velkomen til å sende inn dine bidrag til lesarfotokonkurransen.

Tradisjonen tru ønskjer vi ditt beste bilete tilsendt vår konkurranseadresse: lesarfoto@vikebladet.no. Der må du hugse å skrive namnet på fotografen og kvar biletet er teke.

Vi legg ditt bilete ut i ein biletserie straks sjansen byr seg.

Kan bli strekt - endra ljos

Vi har tidlegare fått førespurnadar om vi strekkjer eller endrar ljos på bileta som kjem inn. Det gjer vi ikkje.

Diverre er motoren for opplasting av bilete til nettavisa konstruert slik at mindre uønska endringar kan skje. Vi jobbar manuelt mot dette for å halde ditt bilete i faktisk stand. Det er vi svært opptekne av. Ta gjerne kontakt om du føler biletet ditt har endra seg, slik at vi får høve til å rette opp i dette.

Tidlegare lesarfotokonkurranser:

Desember

November