– Det er ein fordel å stå saman, kommenterer Olav Høydalsvik til Vikebladet Vestposten. Han har vore tillitsvald på Kleven Verft i mange år.

Han fortel at dei utanlandske arbeidarane kjem frå ein kultur der det ikkje er vanleg å organisere seg. Ein jobbar for seg sjølv og kvar og ein forhandlar eigen løn. Tradisjonelt har dei vore redde for å organisere seg, for i heimlandet har dei då risikert å miste jobben.

Difor er det ekstra gledeleg at det denne gongen er dei utanlandske arbeidarane sjølve som har teke initiativ og organisert seg.

NRK Møre og Romsdal melder at 200 av 300 utanlandske tilsette hjå Kleven Maritime Contracting har meldt seg inn i Fellesforbundet. Dei er mellom dei første i landet som har kravd og fått norsk tariffavtale.

Høydalsvik legg til at dette har skjedd etter dei fekk kjennskap til kva ein tariffavtale utgjer.

Først avtale, så klubb

Høydalsvik opplyser at den 2. april i år fekk dei på plass norsk tariffavtale for dei utanlandske arbeidarane.

Og den 12. mai skipa dei eiga avdelinga i Fellesforbundet og valde tillitsvalde. Viorel Ilescu er klubbleiar for dei tilsette ved Kleven Maritime Contracting. Til NRK Møre og Romsdal seier Ilescu at dei har organisert seg for å få meir pengar og for at arbeidarane skal få det betre. Dei håpar på meir respekt.

Ein, ikkje 300

Høydalsvik stadfestar til lokalavisa at dei norske arbeidarane er glade for at også dei utanlandske arbeidarane no vel å organisere seg. Det blir meir ordentlege forhold då, meiner han.

Fagforeiningsveteranen har inntrykk av at også leiinga ser positivt på dette. Dette er også til det gode for arbeidsgjevar.

– No har dei ein klubbleiar å forhalde seg til, ikkje 300 som kjem inn på kontoret deira og skal forhandle løn, avrundar Høydalsvik som no håpar at utanlandske tilsette ved andre arbeidsplassar også får lyst til å organisere seg og få norsk tariffavtale.