I torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten gjekk Hareid historielag ut med ein protest på det omsøkte akvakulturanlegget som Salmar Organic ynskjer å etablere i Brandal. Før artikkelen gjekk i trykken rakk vi ikkje få eit tilsvar frå selskapet, men vi har seinare fått ein kommentar frå Ingjarl Skarvøy som er dagleg leiar i Salmar Rauma.

For lite område

– Vi søker om etablering av oppdrettsanlegg på Brandal fordi området allereie er definert som akvakulturområde i kommunen sin arealplan. Området som er avsett er likevel for lite til også å omfatte den planlagte utvidinga og anlegget sine fortøyingar, fortel Skarvøy.

Han legg til at fortøyingane i det tidlegare anlegget i Brandal også har gått utanom det avsette området i arealplanen, men at det no er krav til at området der fortøyingane skal ligge også skal vere godkjende.

Når det gjeld tap av fiskerettar og fiskemogelegheiter med eit nytt anlegg fortel Skarvøy at det er eit generelt fiskeforbod hundre meter frå alle oppdrettsanlegg.

– Dette vil også gjelde frå eit eventuelt anlegg på Brandal. Det vil då gjelde frå anlegget sine bøyer og ikkje fortøyingspunkt eller liner. Fiske kan då skje inntil hundre meter frå det flytande anlegget som visast på overflata, forklarar han.

Avhengig av fisk og biomasse

Hareid historielag har i sin merknad synt skepsis til at eit nytt anlegg vil skape noko særleg nye arbeidsplassar i Hareid kommune.

– På anlegget i Brandal vil det vere frå åtte til tolv personar direkte engasjerte i fulltids arbeids, avhengig av kor mykje fisk og biomasse som er på lokaliteten til ei kvar tid.

– Vi har i dag tilsette som er heimehøyrande i Hareid og nabokommunane. Desse arbeider i dag på fleire av våre andre lokalitetar, men kan ved ei etablering i Brandal få den lokaliteten som arbeidsplass, seier Ingjarl Skarvøy.