Utanfor inngangsdøra til Høddvollhuset kan du tørke av skorne med ei dørmatte der det står "Noregsmeister 2012", og rundt halsen kan du henge gullskjerfet der det står "Hødd Noregsmeister2012". Slikt gler Sunnmøre Mållag storleg, og i dag under Trebåtfestivalen fekk Hødd Fotball overrekt "Målblomen" av styreleiar Terje Kjøde.
Sunnmøre Mållag har det siste året lagt styremøta sine til Høddvolllhuset, og då dei oppdaga den flottenynorskbruken på dørmatta og skjerfa, vart det klart at Hødd Fotball måtte få "Målblomen".
- Men "Målblomen" heng høgt, det har ikkje gått inflasjon i han, forsikra Kjøde då han overrekte blomebuketten til mediesjef Lars-Petter Rønnestad i Hødd Fotball.
Blomen vart sist delt ut i november i fjor, då var det Kleven og Plany som fekk utmerkinga.
Terje Kjøde har oppdaga at det ligg noko i veggene på Høddvollhuset. Folka som jobbar, eller brukar huset, er stolte over laget og plassen dei kjem frå.
- Hødd Fotball eit viktig føredøme
- At Hødd brukar nynorsk er svært bra, for nynorsken har stått svakt innan idrett. Ved å bruke nynorsk blir Hødd Fotball eit viktig føredøme, sa Kjøde.
Han hadde merka seg debatten den siste tida om at AaFK ønskjer å vere ein farmarklubb for dei andre laga på Sunnmøre. Det var ikkje Kjøde samd i.
- Men eg synest at AaFK, som vil vere ein klubb for heile Sunnmøre, godt kan bruke meir nynorsk, la han til.
Mediesjef Lars-Petter Rønnestad takka for prisen. Han poengterte at leiinga og laget var glade for at Sunnmøre mållag hadde merka seg språkbruken deira.
- Vi brukar nynorsk på alle rekvisita og på heimesida vår. Vi er stolte av at vi kjem frå dette området, og sidan det er eit nynorskområde, er det heilt naturleg at vi nyttar nynorsk.
Rønnestad slo fast at mange av spelarane på laget både snakkar og skriv nynorsk.
Felles front for nynorsken under heimekampane
Mediesjefen kom også med eit forslag som slo godt an hos Terje Kjøde og dei andre styremedlemene i Sunnmøre mållag som var møtt fram for å vere med på utdelinga.
Rønnestad foreslo at mållaget og Hødd Fotball i fellesskap kan promotore nynorsken når Hødd har heimekampar. I forkant og pausane.
- Ein kjempeidé, svara Kjøde, og hengde gullskjerfet med "Noregsmeistrar 2012" rundt sin eigen hals.