Wist Last & Buss etablerer verkstaddrift i Volda og i Stjørdal ved å overta to verkstader frå Team Verksted.

På Furene i Volda ligg den eine verksatden som Wist overtek 1. september. Verkstaden har 13 tilsette og en høg bussprofil. Målet for Wist og Volvo er å skape eit verkstad i Volda med både buss- og lastebilprofil.

Den andre verkstaden ligg i Stjørdal. Denne verkstaden skal etter kvart gjerast om til ein fullverdig verkstad for Volvo.

– Lagleg tilkomst og kompetanse er viktige suksessfaktorar for å tilfredsstille kunden sine krav. Sjølv om Wist i dag er Nordens største private lastebil- og bussforhandlar, er det uansett viktig å vera best. Vi har ei målsetjing om å vera kunden sitt førsteval i framtida, seier administrerande direktør Bjørn Hellem i Wist Last & Buss.

Wist tek over drifta ved dei to verkstadane 1. september i år.