Onsdag kveld var det så dårleg sikt i Eiksundtunnelen at Statens vegvesen vurderte å stenge tunnelen, melder NRK Møre og Romsdal.
Det er vassdamp som er årsaka til den dårlege sikta. Dei siste dagane har det kome rapportar om slik damp fleire gongar.
Les også: Ønskjer skilting ved vassdamp i tunnelen
På eit tidspunkt var det berre 50 meter sikt i tunnelen, ifølgje NRK.
Mesta har vore på staden for å sjå på situasjonen. Etter at viftene i tunnelen vart sett på forsvann røyken, og det vart aldri naudsynt å stenge tunnelen.