Smp.no skriv at det i Fylkesutvalet var 7-6 for å få politimeisteren til Kristiansund.

Då saka var opp i mars i vår stemte Gunn Berit Gjerde (Venstre) for Kristiansund, i dag røysta ho for Ålesund. Det gjrode også Charles Tøsse, Frank Sve, Eva Vinje Aurdal, Margareth Hoff Berg.

Fylkesrådmannen Guttelvik vil ikkje følgje tilrådinga frå Politidirektoratet om at hovudkontoret bør liggje i Ålesund. Guttelvik meiner fylkesutvalet bør ta meir omsyn til jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar.

Sunnmøre regionråd ønskjer å få politimeisteren til Ålesund, og meiner politifaglege argument må vere avgjerande.

Det er Politidirektoratet som avgjer det heile, etter høyringsfristen går ut i morgon, 17. november.