Ole-Lars Ulstein (85) var i mange år leiar for Ulstein Propeller. Men i 1987 måtte han slutte på grunn av problem med hjartet.

Sidan i februar i år har han vore svært sjuk, med fleire opphald ved Volda sjukehus. Hjartet har svikta.No ligg han svak, men tindrande klar i ei sjukeseng heime i stova si på Osneset.

Ville heim

Det var i august i år, etter tre veker på intensivavdelinga ved Volda sjukehus, at Ole-Lars vart klar over at han var komen til vegs ende med kva sjukehuset kunne gjere. Då var det ein ting han ønska, å få kome heim att til Osneset, og bu der til sin døyande dag saman med kona Marit.

– Gjennom mange år har eg hatt eit godt forhold til overlege Helge Ose-Velle ved Volda sjukehus. Saman med medarbeidarane og kollegaene sine har dei skapt tillit og gitt meg tryggleik. Dei har vist at dei har stor fagkunnskap, og eg er takksam over at dei tok sjansen på å skrive meg heim til Ulsteinvik, sjølv om eg var svært skral, fortel Ole-Lars.

Heimetenesta stod klar

17. august i år vart han frakta frå Volda sjukehus til heimen sin på Osneset der kona Marit Høyvik Ulstein venta.

– Då eg kom heim stod Ulstein kommune klar til å gjere alt for at eg skulle få oppfylt ønsket mitt om å vere heime. Eg har opplevd eit flott teamarbeid, der hjelpemiddel, støtte, stor empati, omsorg og fagleg kunnskap har omgitt meg dag og natt. I tillegg har fastlegen min, Michal Dahl støtta opp og gjort det trygt for meg å vere i heimen, seier han.

Også Marit vart sjuk

Men dei siste månadene har bydd på andre prøvingar også:

Nokre veker etter at Ole-Lars var komen heim att vart kona Marit alvorleg sjuk, og måtte operarast ved sjukehuset i Ålesund. I den perioden ho var borte, var det ei av døtrene som budde heime hos Ole-Lars.

No har Marit vore heime ei stund, men tre gonger i døgnet treng ho hjelp frå heimetenesta i Ulstein.

– Eg har verkeleg blitt imponert over heimetenesta i Ulstein. Vi føler oss så trygge, og vi har oppdaga at dei har eit svært godt teamopplegg, seier Marit Høyvik Ulstein, som legg til at det kjennest ekstra trygt at fastlegen hennar, Stian Endresen, også er ein del av teamet.

– Flott helsestell i Norge

Ole-Lars er sliten, men vil gjerne ha fram at han synest det litt for ofte er dei negative historiene om helsestellet som kjem fram i media.

– Vi har verkeleg fått auga opp for det flotte helsestellet vi har i Norge. Sjølvsagt kan det vere uheldige episodar, men det skjer på dei fleste arbeidsplassar, legg han til.

Med eit svakt smil om munnen kallar Ole-Lars sjukesenga si for «Indian Summer». Det er blant anna den som gjer det mogleg for han å få ligge i si eiga stova, med kona Marit trygt plassert på ein lenestol ved sida av senga. Slik sit dei store deler av dagen og held kvarandre i handa. Dei har vore gifte i over 60 år, og no kjenner dei på både takksemda over å ha fått så mange år saman, og all omsorga dei er omgitt av.

– Flott å vekse opp i Ulsteinvik

– Eg har vore borgar av Ulstein kommune heile mitt liv, og eg vil seie at det har vore ein flott stad å vekse opp på. Når eg ser tilbake på livet mitt har eg mykje å vere takksam for.

I tillegg til å vere leiar for Ulstein Propeller har Ole-Lars vore søndagsskulelærar i ei årrekke og sete i kommunestyret for Kristeleg Folkeparti i fleire periodar. Marit har sete i kommunestyret for Venstre.

– Men vi har aldri slegest politisk, smiler Ole-Lars og grip etter handa til kona si.

Slik blir dei sitjande, hand i hand.

<strong>Trygt:</strong> Dei har vore gifte i over 60 år og det kjennest godt å få halde kvarandre i hendene heime i si eiga stove.