Møre og Romsdal fylkeskommune og Boreal Transport Nord AS signerte i dag kontrakt om drift av fire hurtigbåtruter i fylket, mellom desse sambandet mellom Hareid - Valderøy og Ålesund.

Kontrakten startar opp 01.01.2017, og har ei varigheit på åtte år med moglegheit for opsjon på to år.

LES OGSÅ: Veldig gledeleg om det blir slik

- Vi er fornøgd med å kunne tilby dei reisande nye fartøy i alle rutene, samt nybygd reservefartøy, som sikrar stabiliteten i tilbodet, seier samferdselsjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Alle fartøy, inkludert det faste reservefartøyet, har same krav til universell utforming og miljø, slik at ein får eit likt tilbod som tilfredsstiller miljøkrava til ei kvar tid. Fartøya skal segle under merkevara FRAM som omfattar kollektivtilbodet i fylket.

LES OGSÅ: Norled mistar hurtigbåten

- Vi gledar oss til å samarbeide med Møre og Romsdal fylkeskommune, som er en ny oppdragsgivar for Boreal.  Å bli føretrekt som operatør for desse fire hurtigbåtsambanda på Mørekysten, er ei tillitserklæring. Vi gledar oss til å jobbe saman med oppdragsgivar for å skape eit godt tilbod til beste for alle reisande på sambanda, seier styreleiar Kjetil Førsvoll i Boreal Transport Nord AS.