I haust kom det opp ein stor reklameskjerm utanfor Bunnpris i Ulsteinvik. Men denne skjermen skal det ikkje ha blitt søkt om løyve til. Difor bad teknisk etat om at skjermen vart sløkt. Det vart samstundes opplyst om at teknisk utval ikkje er samla til møte før i starten av februar, då kan dei handsame søknaden.

Huseigar tok så kontakt med kommunen der dei ber dei vurdere saka på ny. Alternativet for Bunnpris vil vere større papirplakatar, noko dei vil forsøke å unngå så langt som råd er. Slike plakatar heng det fleire stader i sentrum, og dei er det ikkje nokon kontroll/godkjenning på.

Ein storskjerm er meir ryddig og miljøvennleg, argumenterer dei med, under føresetnad at ein ikkje overdriv skifta mellom forskjellige reklamar. Mange skiftingar fører til for mykje uro i fasadeuttrykket.

Reklameskjermen skal ha positiv effekt på omsetnaden i butikken, og skiltet er viktig for å få ein så god julehandel som mogleg.

Får mellombels løyve, på vilkår

Teknisk etat svarer så at etter ein intern diskusjon har dei kome fram til ei mellombels løysing for Bunnpris Ulsteinvik. Reklameskjermen kan nyttast fram til 1. januar 2017. Og reklameskjermen skal ikkje skifte reklamebilete meir enn to gonger dagleg.