Mannskapsgruppa til Ulstein mannskapsgruppe har sendt brev til Ulstein kommunestyre og ordførar Knut Erik Engh der dei ber dei handsama saka om brannstasjontomt på ny.

Brannmennene er ikkje nøgde med at den nye brannstasjonen skal byggjast på "Rudtomta", dei meiner det fører til alt for lang innsatstid.

Dei skriv at dei tar oppgåva si seriøst. Dei er fagleg oppdaterte og driv og testar seg om dei held seg innafor krava som no ligg på oss. Til dagleg ber dei med seg handradioar. Når dei er på område med dårleg dekning ringjer dei ein kollega for å varsle frå så dei blir varsla ved ein evt brann. Om nokon som er på vakt skal ut av sentrumsområdet, skaffar dei seg avløysar til han er tilbake. I det heile gjer dei mykje for å halde utrykningstida nede.

– Då kjennest det demotiverande og lite meiningsfult å få tilbod om ei tomt som fører til at utrykningstida aukar med 25 prosent, skriv dei og ber kommunestyret handsama saka på ny.

Når brannmannskapa går vakt går dei alltid med ei redsle om å ikkje kome fram tidsnok. Dei meiner også kommunestyrerepresentantane bør kjenne på dette ansvaret.

– Ut frå perspektivet til dei som vert ståande å vente på at brannvesenet skal dukke opp for å berge ut familien frå eit hus som er fylt med svart røyk og er i ferd med å bli overtent, er valet (av "Rudtomta") ei katastrofe. For dei som sit fastklemt i eit bilvrak med indre bødningar, er det sekunda sm tel, skriv dei og meiner tomteval er eit signal om korleis ein prioriterer beredskap og tryggleik. Dei ber kommunestyret høyre på fagfolka og sjå på saka på ny.

Skrivet blir lagt fram som orientering til Ulstein kommunestyre torsdag 26. oktober.