Orda kjem frå Oskar Grimstad, stortingsrepresentant for Framstegspartiet, og no også fast medlem i Hareid kommunestyre.

Viser til Stordal

– Kommunen bør søkje midlar frå ein statleg tiltakspakke som fylket disponerer, seier han og viser til Stordal kommune, som har mista mange arbeidsplassar innan møbel. Dei søkte og fekk midlar til ein tiltakspakke. Hareid, som for tida er i ein liknande situasjon med tap av arbeidsplassar ved Rolls-Royce i Hjørungavåg, Ekornes og Vital Base, bør kunne gjere det same.

Det er fylket sitt regional- og næringsutval som tildeler midlane.

I tilfellet Stordal vart det bråstopp då fleire hjørnesteinsbedrifter la ned eller flagga ut for få år sidan. Kommunen satsa då – i samarbeid med fylkeskommunen – på eit omstillingsprosjekt. Målet var å skape 75 nye arbeidsplassar i løpet av fire år. Fylket løyvde i første omgang 4 millionar kroner – og prosjektet starta opp i 2014.

Prosjektet har hatt eit årleg budsjett på 2 mill. kroner. Finansieringa er eit spleiselag mellom fylkeskommunen (1 mill. kroner i året), Stordal kommune (500 000 kroner i året) og næringslivet (500 000 kroner i RDA-midlar per år). I tillegg disponerer prosjektet Stordal kommune sitt næringsfond, som dei siste åra har vore på 1 mill. kroner.

Vekst i lokale bedrifter

Det går med 1 mill. kroner årleg til administrasjon og prosjektleiing, medan 2 mill. kroner vert brukt til å støtte tiltak som skal gi ny vekst i lokale bedrifter. Det synte seg fort at ein måtte inn med større innsats – og i 2016 fekk Stordal 1,5 mill. kroner ekstra. Kommunen søkjer om ei tilsvarande tilleggsløyving også for 2017.

Oskar Grimstad meiner dette er noko Hareid kommune absolutt bør sjå på etter den raseringa av industriarbeidsplassar som har vore. Samtidig har mange vorte råka av nedturen i offshore- og verftsnæringa.

I Stordal er det t.d. planar om å etablere eit nytt smoltanlegg i tidlegare møbelbygg. Dersom alle nye tiltak som er på blokka, blir realisert, vil kommunen få mellom 86 og 155 nye arbeidsplassar.

Ordføraren vil følgje opp

Ordførar Anders Riise seier i ein kommentar at han synest innspelet til Oskar Grimstad er godt.

– Eg kjenner ikkje til ordninga, men vi har mist mange arbeidsplassar i det siste, og eg vil be rådmann og administrasjon om å følgje opp saka.