Hilde Ringen Hofseth i Fagforbundet Ulstein ber formannskapet og kommunestyret i Ulstein kommune få inn nokre punkt i intensjonsavtalen for "Runde kommune". Ho kan ikkje registrere at Fagforbundet har fått høve til å påverke innhaldet i avtalen.

Fagforbundet ser på denne avtalen som eit arbeidsdokument i samband med ei kommunesamanslåing av kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven.

Fagforbundet finn fleire svake punkt i avtalen når det gjeld arbeidsgjervarpolitikk.

- Ettersom det skal vere folkeavstemming 19. mai kan ikkje Fagforbundet råde medlemane sine til å stemme for denne avtalen slik han står, skriv Hofseth til formannskapet og kommunestyret i Ulstein og krev å få inn nokre nye punkt i intensjonsavtalen:

Nye punkt

Arbeidsgjevarpolitikken skal spele på lag med fagforeiningane og følgje lov- og avtaleverket på ein god måte. Målet er å byggje ein kompetent og attraktivt kommuneorganisasjon, og sikre gode fagmiljø som kan stimulere til god rekruttering og godt omdøme.

"Runde kommune" skal etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidreg til å samle og utvikle arbeidstakarane, som som skaper eit løysingsorientert miljø med gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar.

"Runde kommune" skal ha ein tydeleg og inkluderande arbeidsgjevarpolitikk, leggje til rette for godt trepartsamarbeid, og legge til rette for mangfald og fagleg utvikling blant tilsette.

Fagforbundet Ulstein vil få med at arbeidstakarorganisasjonane både under og etter etablering av den nye kommunen skal ha høg grad av medverknad.

Den administrative omorganiseringa skal gjennomførast ved ein god prosess i nært samarbeid med arbeidstakarane og deira tillitsvalde.