Kjell Kjellen Bigset oppfordrar no ungdommane til å ta med rektorar og vaktmesterar, ja, heile skulen, til Innovasjonscamp Sunnmørsfinalen 9. juni.

Hovdebygdingen, som skal vere konferansier, har klare råd til vinnargruppene fram mot finalen.

− Det skal ikkje vere noko slingring i valsen. De må arbeide vidare, finspisse prosjekta, akkurat som eg gjer med sveleoppskrifta mi. Ein må alltids få den betre over tid, sei han medan han gestikulerar og rører i ein bolle.

Torsdag 9. juni inviterer Sunnmøre regionråd og Ungt Entreprenørskap - til regionfinale i Innovasjonscamp på Parken Kulturhus i Ålesund. Kommunevinnarane frå 10 kommunar konkurrerer om å bli regionens Innovasjonscampvinnar.

Regionvinnar

Finalen blir halden i Parken Kulturhus i Ålesund 9. juni. Dit kjem rundt 400 spente elevar frå skulane i regionen. Under finalen vil vinnargruppene frå kvar kommune halde ein presentasjon på inntil 5 minutter der dei går gjennom oppdraget sitt og legg fram forslag til løysing. Ein jury kårar deretter årets vinnarar.

Juryen består av:

Marion Remøy, Sparebanken Møre

Arnfinn Ingjerd, Maritimt forum Nordvest

Trond Lervik, AAKP og hoppid.no

Eva Vinje Aurdal, ordførar Ålesund kommune

Bigset er også av den omsorgsfulle typen som fortel at juryen er ikkje noko å frykte.

− Eg er på ungdommane sitt lag og eg skal hjelpe dei frem på den store dagen, avsluttar han.

Samarbeid mellom skule og næringsliv

Undervisningsprogrammet er utvikla av Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, og gjennomførast i samarbeid med næringsforuma i regionen. Innovasjonscamp byr på eit unikt høve til å byggje kontakt mellom skule og næringsliv. Eit stort antall bedrifter og verksemder bidreg med oppdrag og gjer det mogleg å gjennomføre Innovasjonscamp.