For han er ikkje heillt sikker på kva denne flyttinga vil innebere.

- Per no veit vi svært lite om kva som vil skje med arbeidsplassane våre i framtida. Men, eg er takksam for at konsernet gir oss sjansen til å halde på jobbane våre, og eg er ein av dei som ha takka ja til å bli med til Sykkylven. Det opplevast likevel litt usikkert kva som skjer i framtida, seier Elmi.

Han har jobba i produksjonen ved Ekornes-fabrikken på Hareid i fleire år, og trivst godt der. Han vart, som alle dei andre tilsette, svært lei seg då han fekk vite at fabrikken på Hareid skulle leggjast ned.

- Dette er ein flott arbeidsplass. Eg håpar at det blir ein like fin arbeidsplass også på Vestlandske, men ein kan aldri vite heilt. Eg vil uansett prøve å få det til, og så får eg vurdere på eit seinare tidspunkt kva eg gjer vidare, seier Said Elmi.