Det skjer etter gudstenesta i Hareid kyrkje søndag første pinsedag.

Det har lenge vore knapt med gravplassar på den «gamle» kyrkjegarden. I skrivande stund er berre nokre få enkle og tre doble graver ledige.

Derfor passar det godt at den nye plassen vest for den gamle er klar. Den nye området på om lag 10 mål vart overlevert måndag. På området er det plass til 340 kyrkjegraver og nokre urnegraver. Heilt nord på området er det plass til muslimske graver. Dei er tilpassa slik at dei vender seg mot Mekka.

Arbeidet med den nye gravplassen har tatt om lag eitt år. Sør for den nye plassen er det plass til fleire graver. Men det får kome i neste omgang.

Sokneprest Ruth Eva Sollie skal stå for vigslinga av den nye gravplassen søndag. Deretter blir det tale og snorklipping ved ordførar Anders Riise. Hareid skulekorps og Hjørungavåg skulekorps, og kanskje fleire, står for dei kulturelle innslaga.