Skjærtorsdag klokka 11.30 oppdaga Arnt Magnar Sønnesyn at bilen, av typen Toyota Hiace 1998 modell, var stolen.

Bilen stod parkert i Varleite, Ulsteinvik, og tjuven har rygga inn i garasjen til naboen. Bakruta låg att på bakken, og det er no oppdaga at bilen i tillegg har fått inntrykt ein bakskjerm og fått skader på ei dør.

- Lite hjelp frå politiet

- Eg melde bilen stolen med ein gong eg oppdaga at han var vekke, og eg har hatt fleire med meg ut for å leite etter han. Eg må få lov til å seie at eg synest ikkje eg har fått mykje hjelp av politiet, seier Sønnesyn.

I løpet av Skjærtorsdag fekk han signal som gjekk i retning av at bilen var køyrd til Molde, og Sønnesyn og nokre kameratar reiste til Molde for å finne bilen. Men dei fann han ikkje, og returnerte til Ulsteinvik.

- Der fekk vi kontakt med folk som kunne opplyse at bilen var komen til Surnadal. Det hadde vi alt forstått, og kjenningar av meg var alt på veg til Surnadal for å hente bilen.

Rundt klokka 22.00 Langfredag var dei som skulle hente bilen komne fram til Surnadal, og desse har rapportert til Sønnesyn at bilen har skader både på bakskjerm og sidedør, i tillegg til den knuste bakruta.

-  I tillegg er bilen fråsegsett utan nøklar, så før vi får bilen heim til Ulsteinvik, må vi få reservenøklar til Surnadal, fortel Sønnesyn.

Han opplyser at han veit kven biltjuven er.

Det var ein bil av denne typen som vart stolen frå Varleite i Ulsteinvik natt til Skjærtorsdag, og funnen att i Surnadal Langfredag om kvelden.