Havyard group ASA leverte 6. juni 2014 ein oppdatert søknad til Oslo Børs om notering av aksjane i selskapet på Oslo Børs, alternativt Oslo Axess.

Det er venta at børsen tek stilling til søknaden i børsstyremøtet 18. juni, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Første handledag truleg 26. juni

Under føresetnad av at søknaden blir vedteken og at krava for notering er oppfylte, er det venta at første handelsdag blir 26. juni 2014.

HavyardGroup har vore gjennom ein betydeleg vekst og har etablert seg som ein viktig leverandør av skipsteknologi, med fokus på avanserte farty og tilknytande teknologiar innan oljeservice, fiskeri og fiskeoppdrett. Ei notering av aksjane i selskapet vil styrke sjansane for ytterlegare vekst og utvikling.

Nedsal i Havila Holding AS

For å etablere ein ny eigarstruktur vil det bli gjennomført eit nedsalg, der investorar blir inviterte til å investere i selskapet sine aksjar gjennom eit nedsal frå hovudaksjonæren Havila Holding AS, som eig om lag 82,1 prosent av aksjane i selskapet.

tilbodet omfattar minst 4.200.000 og høgst 6.250.000 aksjar som blir tilbydd for salg til ein fast pris på 36 kroner. Dette inneber ei verdisetting av aksjane i selskapet på 811 millionar kroner, og vil innebere eit brytto proveny på 151 - 225 millionar kroner til Havila Holding AS. I tillegg vil det vere ei potensiell overtildeling  på inntil 420.000 aksjar som er stilt til rådvelde for tilretteleggjarar gjennom eit lånearrangement.

I samband med tilbodet og børsnoteringa av selskapet sine aksjar har dt blitt utarbeidd eit prospekt som er godkjent av Finanstilsynet 10. juni 2014.

Om Havyard Group ASA:

Havyard Group ASA er en fullt integrert leverandør av skipsteknologi med aktivitet innen skipsdesign, skipsbygging, systemleveranser og ettermarkedssalg. Gruppen har rundt 770 ansatte hvorav rundt 650 i Norge. Selskapet har sitt hovedkontor i Fosnavåg på nordvestlandet i Norge, med avdelinger og kontorer i flere andre land. Gruppen har fire aktivitetsområder:

  • Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn (verft) og Fosnavåg, med avdeling i Tyrkia

  • Havyard Design & Solutions i Fosnavåg med avdelinger i Stavanger, Polen og Kroatia

  • Havyard Power & Systems i Ålesund med avdeling i Polen

  • Havyard Fish Handling & Refrigeration AS i Fosnavåg med avdelinger i Vigra, Tromsø, Haugesund og Peru.