Rosa sløyfe er ei internasjonal folkerørsle som blir markert over heile verda i oktober. Målet med aksjonen er å vise solidaritet med dei som blir ramma, auke kunnskapen om brystkreft og å støtte til brystkreftforsking og andre brystkreftprosjekt. Sidan 1999 har Brystkreftforeninga og Kreftforeninga arrangert Rosa Sløyfe-aksjon.

Årets aksjon

Dei aller fleste som får brystkreft overlever. Likevel opplever ein av fire at kreften spreier seg og ikkje kan helbredast. Då må ein halde sjukdomen i sjakk. Dei siste ti åra har det kome medisinar som gjev betre og meir målretta behandling, og færre biverknader.

Meir forsking vil bidra til å gje dei som lever med ulækjeleg brystkreft eit lenger og betre liv.

Blomar som symbol på livet

Ein av tolv kvinner får brystkreft i løpet av livet. Nesten 90 prosent av deis om jobbar for Mester Grønn er kvinner. Mange av kvinnene vil bli råka av brystkreft, anten ved at dei sjølve blir sjuke eller som ven eller pårørande. Erling J Ølstad, administrerande direktør i blomekjeda, har sjølv kjent kreftsjukdomen på kroppen. Engasjementet i både leiinga og mellom dei tilsette er sterk.

Mester Grønn sel eigne blomebukettar der 30 kroner frå kvar selde bukett går til Rosa Sløyfe-aksjonen.

Dei har fleire ulike blomebukettar kunden kan velje mellom for å støtte aksjonen. Ein er designa av Mona Grudt.

– Med Rosa Sløyfe-buketten ønskjer eg personleg å bidra til å auke fokus på den viktigaste bodskapen til Rosa Sløyfe-kampanjen, seier Mona Grudt.

Som bryllaupsekspert i over 20 år er ho vant til å omgje seg og jobbe med blomar. Ho ser på blomar som eit symbol på livet, omtanke og kjærleik. Grudt erfarer at blomar bidreg til ro, velvære og glede.

Alle rosene som blir brukt kjem frå Fairtrade-sertifiserte farmar i Kenya og Etiopia.

Rosa sløyfe av Camilla Prytz

Under aksjonen blir det seld rosa sløyfer du kan feste på jakka. Dei finst i fleire variantar. Smykkedesignar Camilla Prytz har designa ein elegant design-pin.

Dei rosa sløyfene kan ein få kjøpt i fleire forretningar, m.a. Coop, Statoil, Lindex, Vitusapotek og Kid Interiør.