Onsdag kveld var det avslutning for musikkelevane i Hareid musikk- og kulturskule på Hareid bedehus. Med foreldre og andre føresette benka i salen framførde dei unge elevane musikkstykka sine. Nokre av dei er på nybegynnarstadiet, andre verkeleg vidarekomne. Men slik må og skal det vere. Alle treng øving for å utvikle seg som musikarar.

Innleiigsvis sa rektor Torgeir Hauge at sommarkonsertane er ein tradisjon dei vil halde på.

- Det er kjekt for elevane å få demonstrere kva dei har lært, slo Hauge fast.

Konserten vart opna med Ytre Strøk under leiing av lærar Nadia Demirova. Ytre Strøk har elevar frå både Hareid og Ulstein og dei framførde melodiane "Danny Boy", Boogie Woogie" og "Plink, plank, plunk". Kom ikkje å påstå at det er berre klassisk musikk som kan framførast på ei fele.

Elles gjekk det slag i slag med framføring på piano, tuva, klarinett, fløyte, keyboard og song.

Mest imponerte nok firkløveret Monica Teige, Lovise Yri, Karoline Gjerde og Sofie Tonev med songen "Survivor". Dei fire jentene var utsøkte i stemmeklangen. Men så var dei også av dei eldste deltakarane, og har fått øve ei stund.

Sommarkonserten vart avslutta med songen "In your arms" med Emilie Eriksen som solist, kor og Fredrik Grimstad på gitar. Ei flott avslutning - og så vart det sommarferie.

290 elevplassar

Elevar frå lina for Visuell kunst stod for dekoreringa i bedehussalen.

Inkludert desse elevane har Hareid musikk- og kulturskule 290 elevplassar.

Rektor Torgeir Hauge opplyser at der er nokre ledige plassar på piano til hausten, og at på fleire av dei andre disiplinane vil alle som har søkt få plass til hausten.

Akkurat no er det Visuell kunst som er mest populært, og der vil det bli venteliste.

Kor til hausten

Tidlegare i vår gjekk Musikk- og kulturskulen ut og oppmoda born og unge om å melde seg på eit kor som skal ha oppstart til hausten. Rektor Hauge opplyser at responsen har vore god, men at der framleis er nokre ledige plassar.

- Vi har fått både jenter og gutar, så det kjem til å bli oppstart. Øvingane blir ved Hareid barneskule. Men vi har plass til endå fleire, så det er berre å kontakte oss, seier rektor Torgeir Hauge.