Sist helg vart det halde semifinalar i Skulecupen i friidrett i Møre og Romsdal. Sju utøvarar frå Hareid og Ulstein ungdomsskular vart finale-klare etter tevlingane i Sykkylvshallen.
Alle som kom mellom dei tre beste i si klasse, går til finalen i Molde i mai 2013.
Desse kvalifiserte seg frå dei to skulane:
HAREID UNGDOMSSKULE:
9.-klasse:
Oda Djupvik (nr. 1 på 40-meter: 6,25 og nr. 2 i lengde: 4.34)
8.-klasse:
Isak Kristoffersen (nr. 1 i lengde: 5.25 og nr. 1 på 40-meter: 5.84)
Jakub Hallmann (nr. 3 på 40-meter: 6.12)
ULSTEIN UNGDOMSSKULE:
10.-klasse:
Nicolas Roppen Masters (nr. 1 i kule: 13.83 - nr. 2 på 40-meter: 5.61 og nr. 3 i lengde: 5.40)
Tobias Skavnes Våge (nr. 1 på 40-meter: 5.48 og nr. 2 i lengde: 5.62)
9.-klasse:
Andrine Brandal Dahl (nr. 3 i lengde: 4.08)
8.-klasse:
Stine Sundgot (nr. 2 i lengde: 4.81 og nr. 3 på 40-meter: 6.36)