Ein får ofte høyre at menn er betre sjåførar enn kvinner, men stemmer det?

Ei fersk analyse frå forsikringsselskapet If viser at langt fleire menn enn kvinner blir ramma av alvorlege trafikkskadar.

Risikofylt åtferd

I følgje statistikken i analysen står menn for nesten dobbelt så mange alvorlege eller livstruande skadar, og tre gangar så mange dødsfall, som kvinnene.

Rågjevande lege i If, Marit Krohg, trur ei forklaring på dette kan vere at menn rett og slett har ei meir risikofylt åtferd i trafikken enn kvinner.

Ulike skadekategoriar

Statistikken syner at kvinner er overrepresentert ved fotgjengar- og passasjerskadar, medan menn er tilsvarande ved førar- og sykkelskadar.

Det er likevell menn som blir mest alvorleg skada i alle kategoriane.

Samanheng mellom fart og skade

- Det er særleg tankevekkande at menn også blir meir skada som fotgjengarar og passasjerar. Det kan sjå ut som at menn også tek større sjansar når dei ferdast langs vegen eller blir med som passasjer i bil eller på motorsykkel, seier Krohg.

Krohg reknar med at det er ein klar samanheng mellom høg fart og alvorlege skadar.