Tysdagskvelden hadde Tussa informasjonsmøte i Hasundgot I.L. sitt klubbhus. Møtet var for innbyggjarane på Tiggeteberget og Kjerringnesmyra. Føremålet med møtet var å lodde stemninga for fiber i Hasund. Sprer fiber til byggjefelta I mai og juni vil Tussa selje fiber i tre område i kommunane Ørsta, Herøy og Ulstein. Dei tre område er delar av Rystefeltet i Ørsta, Blåhaugen/Eslebø i Herøy og Hasund i Ulstein. Ved å kjøpe fiber frå Tussa vil innbyggjarane tilgang til mykje kraftigare internett, ulike TV-pakkar og eit godt utval av leigefilmar og telefoni. Tussa melder at dei skal byggje ut fiber til alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, men at dei startar i dei tre nemnde områda. Frå før er dei alt i gang på Bratteberg i Volda, der salet skal ha gått godt. I Vanylven og Sande vil dei nytte inneverande år til å etablere naudsynt infrastruktur, før dei startar opp salsarbeidet i utvalde felt. Når Tussa har sett seg ut felt å byrje med har avgjerande faktorar vore storleiken på området, etterspurnad, kostnadene ved å føre fram fiber i området, eksisterande infrastruktur og konkurransesituasjonen. Stor stemning på Hasund Salssjef Steinar Hauge i Tussa sa seg godt nøgd med oppmøtet på informasjonsmøtet på Hasund. Det var stor interesse for fiber i området og mange skreiv kontrakt med Tussa denne kvelden. – I overkant av ti prosent av innbyggjarane i heile feltet skreiv kontrakt med oss, det er veldig bra, opplyser Hauge. Før Tussa går i gang med det fysiske arbeidet må 60 prosent takke ja til tilbodet frå Tussa, men det trur ikkje Hauge at blir noko problem så positiv som stemninga er no. Dei neste områda som står for tur er delar av Rystefeltet i Ørsta, og sentrumsområdet i Hareid og Fosnavåg. – No tek me det fortløpande, seier ein entusiastisk Hauge.