I fylgje politiloggen til Sunnmøre politidistrikt har fleire butikkar på søre Sunnmøre vorte vitja av personar av utanlandsk opphav som har freista å veksle pengar, for deretter å ville lure til seg pengebeløp.

Politiet skriv at dei har fått skildra ein mann og ei kvinne, truleg av aust-europeisk opphav. Politiet knyttar dei to til ein eldre, blå kassebil.

Klokka 20.15 har politiet kome med ei oppdatering, der det kjem fram at to kvinner og to menn har vorte arresterte i samband med veksling av pengar. Politiet vil etterforske saka vidare.