Laurdag ettermiddag hadde Odd-Fellow aksjon i Ulsteinvik sentum for å verve fleire fadrar til SOS-barnebyer.

Dei starta aksjonen med ei lysmarkering i andrehøgda på Blåhuset. Mykje folk var samla då Odd Kulø, overmeister i losje Flåvær, ønskte forsamlinga velkomen til lysmarkeringa "Tenn håp".

To jenter dansa ein tamilsk dans. Dette skjedde i førstehøgda, så folk flokka seg rundt gelenderet og titta ned på dei to dansarane.

Deretter var det appell med varaordførar Knut Erik Engh. Han minna forsamlinga om at det ikkje er alle borns om har det like godt. Ein del legg seg svoltne, foreldrelaus og huslause. Og dei frys medan dei søkjer ly under kanske ei pappeske.

Nokre har kanskje ein heim, men har det vondt likevel då foreldra ikkje greier å gje dei den tryggleiken og omsorga dei treng.

- Verda er ein tøff stad å vere for veldig mange små, sa Engh og oppmoda alle om å ta ansvar som medmenneske for sårbare born i til dømes Malawi.

Deretter song Korklubben, før forsamlinga gjekk ut, tende faklane og gjekk i fakkeltog til Ulstein rådhus.

Vil finansiere ein ny barneby

Odd-Fellow har inngått eit samarbeid med SOS-barnebyar, og under aksjonstittelen “Sammen for born i Malawi” har dei teke på seg ansvaret med å finansiere ein heilt ny SOS-barneby i Ngabu, søraust i Afrika.

Det skal byggjast 15 familiehus som skal bli ein trygg heim for 150 born. Eit familieprogram i lokalsamfunnet skal hjelpe ytterlegare 2000 born og familiane deira.

Lysmarkeringa er i samband med TV2 sin Artistgalla i kveld.

ps: Sundag føremiddag tikka det inn ei pressemelding som seier at det kom inn 14 082 nye SOS-fadrar laurdagskvelden. Erfaringsmessig vil det også kome til nokre fleire utover veka etter ein slik aksjon.

Dei frammøtte titta ned på dei to jentene som dansa tamilsk dans.