Tre dagar denne veka – onsdag, torsdag og fredag – er dei 130 elevane ved Sunnmøre folkehøgskule fordelte i grupper som gjer seg betre kjende med kvarandre og det nærområdet har å by på.

Etter jul kom også dei internasjonale elevane på plass i Ulsteinvik, så det er ein fargerik og godt miksa gjeng som reiser rundt. Seks ulike land (utanom Norge) er representerte på elevlista: Madagaskar, Nicaragua, Tanzania, Kenya, Brasil og Sør-Afrika.

Lokalavisa gjekk seg fram på ei av gruppene, som var i ferd med å grille pølser på Overåsanden i middagstida onsdag. Der fekk dei også kunnskap om ”slaget i Hjørungavåg”. Tidlegare på dag hadde dei vore på gardsbesøk heime hos foreldra til lærar Ingfrid Grimstad på Grimstad. Etter å ha hygga seg på landets vakraste badestrand reiste gruppa vidare til det store fellesfjøset på Ulset for å sjå på Martinus Hjørungdal sine mjølkerobotar.

Mykje anna står også på programmet desse dagane. Hareidsordførar Anders Riise har fått besøk, og på Holesanden skal ei gruppe gjere ting som var vanleg å gjere på 1800-talet. På Flø får både kunststudioet og bønehytta besøk. Jets, Ulstein Verft, Teigene hønseri og ”brennsnut” i Grisefjøset på Teigane er andre av dei mange innslaga og måla desse dagane.

Etter mykje ruskevêr den siste tida hadde elevane absolutt klaff med første safari-dag. Litt vindfullt, men sol frå blå himmel.