Skjærtorsdag klokka 11.30 oppdaga Arnt Magnar Sønnesyn at bilen hans var stolen. Bilen er av typen Toyota Hiace 1998 modell, og er raud. Kjennermerket er UF 95726.
- Eg såg bilen sist rundt klokka 22.30 onsdag kveld. Klokka 11.30 skjærtorsdag oppdaga eg at han var stolen, opplyser Sønnesyn.
Han legg til at dei som har stolen bilen, truleg har rygga på garasjen til naboen i Varleite. For bakruta på Hiacen ligg knust igjen.
- Eg har meldt bilen stolen, og vi har vore fleire som har vore ute og leita, men førebels er det ingen som kan sette oss på sporet av han, seier den lett fortvila eigaren.
Eit lite spor er der likevel:
- Eg hadde sertifikatet mitt liggande i bilen, og det fann dei utanfor Shell i dagtidleg. Truleg har tjuvane vore innom Shell for å fylle diesel, for der var lite drivstoff på bilen. Eg håper nokon har sett noko, og kan kome med tips, anten til meg eller politiet, seier Sønnesyn.