Ikkje alle er like kjende i terrenget. Målet med skiltinga er å få fleire ut på tur. Her frå ein tur til Holstadhornet, utan skilting. (Arkifoto). Foto: Leiv Arne Grimstad

Møre og Romsdal fylkeskommune har 1,5 millionar kroner å dele ut.

Søknaden skal sendast til Fylkeskommune, Molde, og det går an å søkje om midlar til merking, skilting og gradering av turløyper.

Det er ein føresetnad at det er eit godt samarbeid mellom ulike partar, som til dømes frivillige, reiselivet, kommunen og grunneigarane.

Arbeidet med å setje i verk ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet blir vidareført etter at regionen i fjor fekk ein gåvepakke på 10 millionar kroner frå Gjensidigestiftinga. Saman med øyremerkte midlar frå fylkeskommunen skal pengane brukast til ei storstilt satsing på merking og gardering av turløyper i dei fire Vestlandsfylka.

Potten i Møre og Romsdal er altså på 1,5 millionar kroner. Søknadsfristen er 15. februar.