– Politiet ber publikum i heile Ålesund om hjelp til å leite på eigne eigedomar, garasjar, uthus og buer. Kvinna kan ha bevega seg over eit større område. Vi kan ikkje utelukke at ho har søkt ly ein stad og kan vere vanskeleg å finne, seier operasjonsleiar Einar Rostad i Sunnmøre politidistrikt. Politiet ber no folk i heile Ålesund om å hjelpe til å leite etter Åsta Reed. – På onsdag ettermiddag og kveld vil også ressursar frå Raude Kross hjelpekorps og Norske Redningshunder hjelpe til i leitinga som vil halde fram utover kvelden, opplyser operasjonsleiar Einar Rostad. Politiet har saman med frivillige frå Raude Kross Hjelpekorps (RKH), Norske Redningshunder (NRH) og Fredinnsatsgruppe (FIG) leita etter den sakna kvinna sidan sundag morgon. Siste sikre observasjonen som er gjort er sundag rundt klokka 15.20 i Fjellgata 63 i Ålesund sentrum. Åsta Reed vart meldt sakna sundag morgon, etter å ha forsvunne frå heimen sin i Spjelkavik. Ho vart observert i Spjelkavik ved Esso sundag morgon klokka 06.40. – Det er få observasjonar i saka og politiet er framleis svært interesserte i tips frå publikum som kan ha sett kvinna sundag, seier operasjonsleiar Einar Rostad.

Personalia:

" Åsta Reed (82 år) " Ho er ca 150 cm høy, kortklipt mørkt hår, grått ved øyra. " Brun skulderveske og grågrøn jakke med hette " Svart bukse og kvit bluse. Har du observert kvinna – kontakt politiet: Operasjonssentralen i Sunnmøre politidistrikt telefon 70 11 87 00.