– Stortingsvalet vart ein nedtur for Møre og Romsdal SV, men vi ligg langt frå med broten rygg, seier lokallagsleiar Karl Erik Ølnes i Volda SV, som har teke initiativ til samlinga. No skal vi byggje oss opp att. Første målet er å få mange SV'representantar inn i kommunestyre og fylkesting til neste år. I neste omgang arbeider vi sjølvsagt for at Møre og Romsdal igjen skal verte representert på Mørebenken. Ølnes understrekar at alle interesserte er velkomne til å melde seg på samlinga, som vert arrangert av lokallaga til SV på Søre Sunnmøre. -Vi registrerer at oppslutninga om dei politiske partia er minkande, særleg gjeld det medlemstalet til partia. Eit godt fungerande demokrati er føresetnaden for gode politiske prosessar, og den norske partistrukturen held oppe den politiske diskusjonen og dermed engasjementet for desse prosessane. SV meiner det er viktig å knyte til seg fleire engasjerte tilhengarar for å nå mange meiningsfellar gjennom den gode dialogen. Vi vil få i gang prosessar som skal auke innsikta i politisk arbeid. Ikkje minst er det viktig å skape eit system som gjev kvar enkelt betre tilgang til dei som sit med politisk makt. Det er berre gjennom god kommunikasjon mellom den einskilde veljaren og dei politiske toppane vi får politiske vedtak som er til nytte for folk flest. -Seminaret som vi no arrangerer på Runde vil ha to mål, seier Ølnes. Det eine er å byggje partiorganisasjonen slik at kommunikasjon og informasjon internt i organisasjonen skal fungere best mogeleg. Til å hjelpe oss i organisasjonsbyggingsarbeidet kjem partisekretær Silje Schei Tveitdal. Vi har og invitert SV sin tredjekandidat på Stortingsvallista, Marianne Skuseth, som vil fokusere særkilt på korleis vi kan få ungdom til å engasjere seg i organisert politisk arbeid. Det andre målet er å spreie kunnskap om viktige politiske område. Eit slikt viktig område er miljø og klima. Nils Roar Hareide, ein av initiativtakarane til det nyskapande miljøsenteret på Runde, vil fortelje om senteret. Han vil og gje deltakarane innsikt i fornybar energi og ressursane i havet. - Miljø og klima er og vert ei av hovudsakene til SV, seier Ølnes. Gjennom kunnskap om forvaltning av ressursane i havet og om framtidas energikjelder skal vi sko oss til å vinne den viktige kampen mot oljeutvinning på Mørekysten, i Lofoten og Vesterålen. Samstundes skal vi vise vegen inn i lågutsleppssamfunnet, og korleis nye energiøysingar også vil føre med seg framtidsretta arbeidsplassar her i fylket, avsluttar Ølnes, og viser til lysing i laurdagsavisa for meir informasjon om seminaret.
Nyhende →
Partibygging og miljø i fokus på Runde neste helg
Laurdag 23. januar møtest SV'arar frå Sunnmøre til seminar på Runde. Partisekretær Silje Schei Tveitdal kjem for å snakke om organisasjonsbygging, og på Runde miljøsenter vil medlemmer og sympatisørar av SV få ny kunnskap om fornybar energi og ressursane i havet.