Abid Q. Raja skal halde foredrag i Ulsteinvik 19. og 20. mai. Foto: Erik Johansen/Scanpix

Det er Søre Sunnmøre mottak i samarbeid med Volda mottak og Ulstein kommune som har lukkast å få Raja til Ulsteinvik.

Han skal både halde foredrag til mannlege bebuarar ved mottaket i Volda og Ulsteinvik, busette innvandrarar frå Ulstein kommune og for dei tilsette ved asylmottaka og samarbeidspartnarane deira.

Temaet for foredraget vert det norske kvinnesynet i samfunnet generelt, men også innanfor familiane.

Eit tema som også kjem på dagsorden er vald i nære relasjonar, æresomgrepet og kva det tyder i Noreg i motsetnad til mange ikkje-vestlege land.

Namnet på foredraget vert “Integreringsutfordringar i dagens Noreg- openheit som nøkkel til dialog